Elefantisk's Blog

Just another WordPress.com weblog

Hmm, trenge du litt sjokolade? juni 6, 2010

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 11:46 am

Dei siste vekene har eg og resten av mediaklasse jobba med eit sjølvvalgt prosjekt der me skulle holde oss innanfor journalistikk, media eller reklame. Eg valgte reklame sidan me lever i ei verd der reklame har ei brei og stor innvernad på menneske.  Ein finn reklame på tv, i aviser, internett, på gata, med andre ord: OVER ALT!

Litt av poenget med oppgåva me fekk var å sjangerlære der me skulle finne oss eit medium me ville jobbe med, for så å sjå på andre produksjonar innan for samme område. Eg valde film som mitt medium der eg fant mykje inspirasjon frå denne filmen:

Ut frå denne filmen har eg kommt opp med eit reklamekonsept for freia melkesjokolade. Det er ein person som opplever ein situasjon som ikkje er god eller bra for den eine personen. Så kjem det ein voiceover som spør om vedkommande vil ha sjokolade medan personen får vilt raseri. Klart personen vil ha sjokolade. Så kjem bilde av sjokoladen opp der voiceoveren kjeme med slagordet for reklamen»sjokolade hjelp mot dei fleste sitasjonar».Ut frå dette konseptet kan ein finne mange forskjellige situasjonar der ein kan byggja videre på konseptet til fleire forskjellige reklamar.

Den reklamefilmen som eg laga er det ein gutt som vaknar opp etter ein russefest. Først ser han ei ku på rommet sitt, men forsvinn etter han gnikkar seg i augene (eit usaklig moment). Etter dette finn han russehua si på golvet der dusken har vorte klympt av. Russepersonen får no eit raseriutbrot, etterfølgt av ein voiceover som spør om han vil ha sjokolade, klart han vil ha det for sjokolade hjelp mot dei fleste situasjonar 😀

Alt i alt synest eg at dette prosjektet har vore kjempe gøy, har lært mykje nyttbåde innanfor reklame og sjangerlære. Sluttresultatet vart vellukka og bra. Takkar og for god hjelp frå skodespelaren i produktet mitt Cato.

Filmen er ikkje lagt ut på internett pga ønskje frå skodespelaren.

 

Kommentarar april 13, 2010

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 11:25 am

Dei siste timene har me jobba med å kommentere på innelgga som vår samarbeidsklasse i Kongsberg har. Må sei at dei har gjort ein utrulig bra jobb med sine innlegg! Det er kjekt å samarbeide med ein klasse som er så langt vekke og like vell klarer å halde oppe eit såååå godt samarbeid.

Dei har også kommentert våre innlegg før i skuleåret 2010. Det er kjekt at nokon ein ikkje kjenne kommer med kommentarar. Dette er ein fin måte å jobbe på. Ein får nye venner (visst ein jobbar hardt for det), vi skriv om saker som er vesentlig for læreplanen og ikkje minst: det er kjekt 😀

 

Sogndal Filmfestival

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 11:20 am

Tysdag 16. mars var det tid for Sogndal filmfestilval. Først på dagen var det forelesningar for alle som hadde lyst til å komme. 3MK som stod for eventen hadde fått med seg Torje Bjellås (fotograf, NRK), Ubbe Haavind (regissør, Trøbbel Film) og Pål Øie (manusforfattar/regissør) som forelesarar.

Eg synest dette var kjempe gøy, med mange gode forelesningar som viste eit breit spekter av dagens media. Ubbe var den som fascinerte meg mest. Han forklarte i detalj om dei reklame filmane som han og hans produksjonsselska hadde laga. Dei har laga reklamefilmar for blant anna Lerum, NetCom og Freia. Å kjenna at personar og plassar i Sogn etter reklamefilmen om Lerum var ekstra spennande!

Seinare på kvelden var det duka for kortfilmar der folk kunne melde på eigen sjølvlaga filmar. Eg hadde og meldt på ein film, men var ikkje blant dei heldige som var vist. Dei filmane som vart vist var kjempe gode, der eg vart veldig inspirert sidan film er noko som interesserar meg! Kveldens vinna, og som stakk av med kveldens gjevaste pris, var Ole Martin Volle for filmen «Colours of Care». Av denne filmen fekk eg bak-over-sveis! Det er ikkje rart at han vant med den filme. Han hadde klart å kombinert musikk, video, bilder og dans på ein utrulig god og proffesjonel måte.

Alt i alt synest eg arrangørane hadde klart å få til hendinga på ein god og bra måte! Håpar dette er noko som kjem til neste år, for dette var kjekt! Two thumbs up! 😀

 

Just for fun! mars 22, 2010

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 6:46 pm

Eg og Maria velde å lage ein animasjonsfilm via GoAnimate som vi har lagt ut på YouTube. Dette synest eg var kjempe gøy og kjempe lett som eg ambefaler alle å prøve. Vi lagde til ein basic historie og lagde eit kort StoryBoard slik at det vart lettare og lage filmen etterpå. Som sagt er GoAnimate eit enkelt verktøy å bruke og er kjekt ting å gjere i klassen for å «koble litt av». Sjå filmen og sjå kva du synest. Det er ein liten tankevekker over korleis ein tenkjer ein ville blitt framstilt i media. Dagdrauming er eit sentralt stikkord. Mange gjer dette i dag og folk tenkjer som oftast at dei blir positivt framstilkt. Så då spør eg berre deg: korleis trur du at DU hadde blitt framstilt i media? Eg har no mine tanka om meg sjølv.

 

REDAKTØRPLAKATEN februar 5, 2010

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 1:12 pm

I byrjinga av redaktørplakaten heiter det: ”En redaktør skal alltid ha frie mediums ideelle mål for øye. Redaktøren skal ivareta ytringsfriheten og etter beste evne arbeide for det som etter hans/hennes mening tjener samfunnet” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 179). Norske Avisers Landsforbund (i dag Mediebedriftenes Landsforeining) og Norsk Redaktørforeining vedtok plakaten 22. oktober 1953 (revidert i 1973 og i 2004). Føremålet med redaktørplakaten er å hjelpe redaktøren til å sjå kva som er relevant for sitt eige medium og vise klare retningsliner for kva som skal distribuerast for journalisten (wikipedia, redaktørplakaten).

Så kjem spørsmålet, kven må fylgje redaktørplakaten? Her er det to faktorar som må skiljast. På den eine sida står eigaren av mediet og på den andre sida står redaktøren, den ansvarlege for distribueringa. Det er redaktøren som skal følgje plakaten, men skal ikkje då eigaren bestemme noko om mediet? Ideelt sett skal ikkje kven som eig mediebedriftene ha noko å seie for innhaldet. Medieinnhaldet skal redaktøren ha ansvaret for, uavhengig av eigarinteressene. Ein må sjå litt på kva grad eigaren skal bestemme. Eigaren set opp rammer for økonomien, kor mykje peng vil han/ho bruke på mediet. Dette får konsekvensar for mengda tilsette og mengda journalistar, som igjen vil påverke sluttproduktet. Redaktøren får ansvaret for å lede mediet på best mogleg måte for å få eit best mogleg resultat (Asbjørnsen m.fl. 2007, Marknaden regulerer media, s. 109).

Redaktøren har eit ansvar ovanfor alle. Redaktøren skal ikkje krenkje eller «henge ut» nokon personar. Eit godt døme på dette er «svartelista» (Asbjørnsen m. fl. 2007, s. 98). Svartelista inneheld ord og uttrykk over menneske med minoritetsbakgrunn, kva ord ein kan bruke og ikkje. Er mediumet ein allmennkringkastar har redaktøren plikt til å dekje alle grupper menneske i samfunnet som fleirkulturelle, samar, bønder, osb.

Det finnest lover som tilseier kva redaktøren må gjere. Eit døme på dette er at redaktøren må vise mottakaren tydelig kven som er redaktør og kvar mediumet er produsert (wikipedia, redaktør). Det har vore diskusjonar om redaktørplakaten skal bli ein del av det norske lovverket. Andre diskusjonar som har vore diskutert er kor stor grad skal redaktøren ha ansvaret for kommentarar mottakaren skriv på tildømes ein nettartikkel. Skal kommentaren sensurerast? Eller skal mottakaren skrive fritt kva ha/ho vil? Mange nettaviser har no funne opp løysingar som viser seg å fungere.

Redaktørenplakaten slår fast at redaktøren har mandat og myndigheit frå publikasjonens eigar til å lede den redaksjonelle virksomheita «fullt og heilt». Eigaren kan begrense mediumet med tanke på økonomi (færre ansatte resulterer i eit meir begrensa sluttresultat). Redaktøren er den personen som har siste ordet i ei sak. Har ein journalist skrive ein artikkel som redaktøren ikkje godkjenner må journalisten ta il selg kritikken. Redaktøren er eit mellomledd mellom ansatte og mediumet. Redaktøren har mykje makt, han/ho må berre bruke den på riktig måte..

Litteraturliste:

 

And you can do the same?! november 9, 2009

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 9:12 am

Fantastisk gjort av den luringen som spring! Kan sitta å le meg i hjel!!!!! Two thumbs up!

 

 

Johann Gutenberg (1397-1468) november 2, 2009

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 9:23 am

Johann Gutenberg er mest kjend for oppfinninga av trykkjarkunsten. Han fant opp ei spesiell presse for trykkjeprossesen ved å benytte lause, støpte former. Før oppfinninga vart alle eksemplar av ei bok skrive for hand, noko som tok lang tid. Oppfinninga som Gutenberg kom med revolusjonerte måten ein kunne fleirprodusere tekstar. (Wikipedia, 2009).

Asbjørnsen  m.fl skriv at den boka som Gutenberg begynte først å trykkje var bibelen og det fortel kva rolle religion hadde i samfunnet (2007, s. 124). Bibelen han trykte var ikkje slik som den bibelen vi finn i butikkane i dag, den var forkorta til noko som vart kalla 42-linjers bibelen. Bibelen, Biblia Latina, vart rekna som hans hovudarbeide der han lagde 150 eksemplarar. I dag er 50 eks bevart. (caplex, 2009).

I dag meinar ein med trykkjarkunsten starten på mediehistoria. Det var der det heile starta. Ein ting kunsten kunne blitt var ein morsom i ide, men føresetnadene for utbreinga var der. Sidan det var få personar som kunne skrive å lese, merka ein ikkje så mykje etter at oppfinninga hadde teke sitt innpass. Det skulle ta mange år før teknikken vart utnytta for fullt. (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 124).

LITTERATURLISTE:

Caplex (2009): Johann Gutenberg

http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9313468 Lasta ned 02.11.09

 

Wikipedia (2009): Johann Gutenberg

 http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Gutenberg Lasta ned 02.11.09

 

Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007.

 

Skuleprojekt august 30, 2009

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 9:28 pm

Skuleprojekt av Bjørnar, Trond og Therese! Kult?

Liv Signe var her!

 

Hello world!

Filed under: Uncategorized — Elefantisk @ 9:20 pm

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!